Unlur

Overblikk

Unlur er eit abstrakt brettspel for to spelarar som vert spilt på eit sekskanta brett. Det vart funne opp av Jorge Gómez Arrausi i 2002 og er eit forbindelsesspel, som Hex og Havannah.

Ulikt dei fleste andre forbindelsesspel har deit to spelarane forskjellige målsetjingar i Unlur.

Brett

Unlur vert spilt på eit sekskanta brett med åtte felt på kvar side. Andre storleikar vert òg brukt (til dømes er ti felt på kvar side utbreidd).

Mål

Dei to spelarane har ulike mål:

  • Spelaren med dei svarte brikkene vinn om han formar ein ''Y''; det vil seie ei kjede av steinar som knytter saman tre kantar av brettet som ikkje er ved sida av kvarandre. 
  • Spelaren med dei kvite brikkene vinn om han formar ei ''linje''; det vil seie ei kjede av kvite steinar som knytter saman to motsette kantar av brettet. 

Svart "Y"

Hvit "Linje"

For begge målsetjingane gjeld det at hjørna er ein del av begge kantene det er nær. 

Om ein av spelarane fullfører målet til motspelaren, taper han, om han ikkje i det same trekket òg fullfører sitt eige mål. Det vil seie at spelaren med dei svarte brikkene taper om han lagar ei ''linje'' av svarte brikker, om han ikkje på same tid lagar ein ''Y''. På same måte taper spelaren med dei kvite brikkene om han lagar ein ''Y'' utan å lage ei ''linje'' på same tid.

Unlur kan ikke ende uavgjort.

Spillets gang

Eit parti byrjar med eit tomt brett.

Sidan målet til Kvit er mykje lettare enn målet til Svart, byrjar spelet med ein fase der meininga er å balansere sjansane til spelarane. I denne fasen plasserer begge spelarane svarte brikker på brettet inntil ein av dei passar. I denne fasen er det ikkje tillate å setje brikker på den ytterste ringen på brettet. Så fort ein spelar passar, tek han dei kvite brikkene, og gjer det første trekket som kvit.

Etter denne fasen gjer spelarane trekk annan kvar gang ved å setje ei brikke kvar som helst stad på brettet.


[create new page] [copy this page] [edit this page] [translate this page] [view history]

© 2015. Created by Arty Sandler. Privacy Policy